Hopp til hovedinnhold

Miljøfyrtårn og Breeam sertifisert


Skulen er sertifisert som Miljøfyrtårn. Skulen er ein av om lag 7 800 (pr. 25.09.21) andre verksemder i Norge som ønskjer å vere eit fyrtårn for miljø og klima. Ved denne sertifiseringa må skulen oppfylle 38 krav som omfattar internkontroll, HMS, arbeidsmiljø, innkjøp og materialbruk, energibruk, transport, avfall, utslepp og estetikk.

Har du lyst til å bidra til lågare klimagassutslepp og eit betre miljø? Som elev eller tilsett ved Åsane vidaregåande skule må du kjeldesortere avfallet ditt og delta i skulen sine miljøaktivitetar. Det er fint om du ønskjer å bidra i miljøarbeidet, ta gjerne initiativ i klassen din og gjennom elevrådet.

Det som er så flott med miljøsertifisering er at du kan vere trygg på at det vesle du gjer, gjer ein forskjell. Det er fordi systemet omfattar alle.

I tillegg til å være miljøfyrtårnsertifisert er skolebygget BREEAM sertifisert med graden excellent. Lenke til ferdigsertifikat:

Breeam sertifikat