Hopp til hovedinnhold

Sal, service og reiseliv

Elev som lager kaffe i skulens butikk

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor Sal, service og reiseliv

Dette er valet for deg som ynskjer ei praktisk utdanning i eit yrkesfag og bli lærling og få inntekt medan du fullfører utdanninga di. Du ynskjer å arbeide med eit av disse faga:

  • reiselivsfaget
  • sikkerhetsfaget
  • salsfaget
  • kontor og administrasjonsfaget

Vi tilbyr

Vg1 Sal, service og reiseliv
Vg2 Service, sikkerhet og administrasjon
Vg2 Sal og reiseliv

Du som velger Vg2 på Åsane vgs fordi:

  • Åsane vgs er ein skole som tilbyr eit godt læringsmiljø
  • skolen har eit stort fagmiljø med mange klassar innan studieretninga
  • praktisk undervisning er ein viktig del av undervisningsopplegget
  • du trivast med praktisk servicearbeid i skolen sin butikk
  • alle elevar vert utplassert i verksemder i nærmiljøet


Følg oss på instagram

Sjå video om sal, service og reiseliv:

Vg1 sal, service og reiseliv

Du som vel Sal, service og reiseliv:

  • har interesse for sal, marknadsføring og reiseliv
  • ynskjer å bruke teori mot praksis i eigen skolebutikk på 100 m2
  • får arbeidspraksis i ein verksemd i til saman fire veker i løpet av skoleåret
  • får delta på bedriftsbesøk i lokale verksemder i Bergensområdet
  • kan delta i eit internasjonalt EU-prosjekt med fokus på digital læring
  • ynskjer å vere elev på ein heilt ny skole sentralt i Åsane med moderne og digitalt undervisningsverktøy

Vg2 Service, sikkerhet og administrasjon

Du som vel denne utdanninga ynskjer å lære meir om service og kundehandsaming, bruk av digitale verktøy og korleis ein planlegg og utfører sikkerhetsarbeid. Du ynskjer å arbeide på eit kontor eller i vektarbransjen. Etter fullført vg2 kan du bli lærling i følgjande yrker:

  • Service- og administrasjonsfaget
  • Sikkerhetsfaget

Vg2 Sal og reiseliv

Du som vel denne utdanninga ynskjer å jobbe med sal eller reiseliv. Du vil lære meir om turisme, kundebehandling, økonomi og marknadsføring. Etter fullført vg2 kan du bli lærling i følgjande yrker:

  • Salsfaget
  • Reiselivsfaget
Elev som ekspederer i skulens butikk

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift.
Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.