Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Elever på grupperom

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor velje påbygg

Påbygg er studiet for deg som har valt eit yrkesfagleg opplæringsløp, men som ønskjer å halde fram med studiar på universitets- eller høgskulenivå.

Fullført Vg3 påbygg gir generell studiekompetanse.

Vi tilbyr

  • Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse
  • Vg4 Påbygging til generell studiekompetanse

Mange av klassane jobbar ut frå eit prinsipp om "karakterdempa undervisningsvurdering". Tidlegare elevar melder om at dette prosjektet har ført til mindre karakterpress, meir fokus på vurdering for lering og økt motivasjon for å delta aktivt i timane.

Påbyggingsåret gir deg moglegheita til å studere vidare på høgskular og universitet. Dersom du ikkje er sikker på kva retning du skal gå vidare, kan du få gode tips på utdanning.no

 

Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse

Påbyggsåret gir moglegheit for vidare studiar ved høgskular og universitet.

Inntakskrav:
Vg1 og Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram, eller Vg1 i eit studieførebuande utdanningsprogram og Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram (kryssløp), eller

  • Oppnådd yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev, eller
  • Oppnådd yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev


I programfag til val kan du på skulen vår velje mellom:

  • Marknadsføring og leiing
  • Samfunnsøkonomi
  • Internasjonal engelsk


Tilbodet kan variere noe frå år til år - men du vill garantert finne noke som interesserer deg.

Vg4 Påbygging til generell studiekompetanse

Elever som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innen utgangen av det året de fyller 24 år, har etter søknad rett til ett års påbygging til generell studiekompetanse - Vg4. Retten gjelder de som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 eller senere.

Fag og timeomfang i dette tilbudet er:

  • Norsk 10 timer/uke
  • Historie 5 timer/uke
  • Matematikk 5 timer/uke
  • Naturfag 3 timer/uke