Teknologi- og industrifag

Elev i undervisning skrur på sykkel

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Teknologi- og industrifag

Du som vel Teknologi- og industrifag, bør ha interresse for ny teknologi. Du bør også ha praktisk sans, godt handlag og likar å vere nøyaktig. At du både likar å kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre er også en fordel.

Vi tilbyr

Første året er felles for alle som velger Teknologi- og industrifag. På Vg2 kan du hos oss velje å ta: 

  • Industriteknologi
  • Transport og logistikk
 

 

Vg1 Teknologi- og industrifag

  • Utdanninga fører fram til ei heil rekke yrke innanfor:
  • kjøretøy og transport
  • Industri og tekniske fag
  • maritime og oljerelaterte fag

Du kan lese meir utfyllande om fag og yrke på vilbli.no

Vg2 Industriteknologi

Når du har fullført Vg2 Industriteknologi, har du svært mange yrke å velje mellom, som blant annet Motormekanikerfaget, Sveisefaget, Industrimekanikerfaget eller Industrimontørfaget, Du kan totalt velje mellom 31 ulike sluttkompetansaner etter fullført Vg2 Industriteknologi. 

I tillegg kan du velje Vg3 påbygging til generell studiekompetanse etter bestått utdanning.

Vg2 Transport og logistikk

På Åsane vgs får du ei utdanning som opnar mange vegar innan transport og logistikk. Du får allsidig utdanning og brei kunnskap innan terminalarbeid, persontransport, godstransport, kundebehandling og allmennfag. Du kan få kompetansebevis på ADR (transport av farleg gods) og truckførarbevis.
I tillegg vil du få praktisk opplæring i godsbehandling på lager, førstehjelp og brannslukking, teorikurs klasse B. Du får delvis støtte til obligatorisk opplæring for førarkortet i klasse B (mot kvittering frå kjøreskole). Skulen har flere truckar som vert nytta i praksisundervisninga, eigen lagerhall og stort uteområde.
I Yrkesfaglig fordjupnung frå haustferien til vinterferien er du utplassert to dagar i ei relevant transport- og/eller logistikkbedrift.

Elev i undervisning på verkstedet

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift.
Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.