Elevtenester

Rådgjevarar elevtenesta

Våre rådgjevarar kan gi deg råd og rettleiing i val av fag og vidare utdanning slik at du finn det som passar best for deg. Dei kan òg hjelpe deg med personlege og sosiale spørsmål som har betydning for opplæringa.

Rådgjevarar har teieplikt, og dei hjelper deg der du måtte trenge det i skulekvardagen.

Ønskjer du å snakke med ein av rådgjevarane, kan du anten kome innom kontoret deira eller avtale tid på e-post. Kontora ligg i 2. etg ved ekspedisjonen.

Ta kontakt med rådgjevar

Aina Helland

Rådgjevar HT, påbygg. idrettsfag og Sal, service og reiseliv

Grethe-Karin Kvamme Nilsen

Rådgjevar Helse- og oppvekstfag

Kari Austgulen Hestnes

Rådgjevar vaksne og lærlingar

Kurth Ove Mikalsen

Rådgjevar Byggfag, elektro og Teknologi og industrifag

 


Leiar for elevtenesta

Leiar for elevtenesta skal jobbe for at elevane blir ivaretatt på best mogleg måte på skulen. Han samarbeider med elevrådet, Skulemiljøutvalet og russestyret, og er involvert i dei sosiale aktivitetane på skulen.

Førebyggande og oppfølgande tiltak i samband med fråvær/fråfall, åtferdsproblem, rus og mobbing er blant hovudoppgåvene til leiaren for elevtenesta, og han er bindeledd mellom skulen og eksterne instansar som PPT, politi og barnevern.

Viss du treng hjelp til å løyse vanskelege forhold på skulen, eller har spørsmål, kan du kome innom på kontoret hans i andre etasje (ved resepsjonen) eller sende ein e-post.

Avdelingsleiar elevtenesten

Rune Haukedal

Avdelingsleiar Elevtenesta og Tilrettelagte grupper



 

Elever på grupperom

Studiesenteret

Studiesenteret er eit tilbod for elevar som ønskjer oppfølging i eit eller fleire fag.

Leksehjelp.jpg

Leksehjelp

Kvar torsdag stiller lærere opp og hjelper og veileder med det DU ønskjer å jobbe med. Tilbudet varer fram til vinterferien og fortsetter heile våren. 



Elevrådet

Vi i elevrådet håper at dette skuleåret skal bli det beste i livet ditt. Det viktigaste for oss i elevrådet er at du skal oppleve å vere i eit godt skulemiljø og ha ein god skulekvardag.

Saman med dykk håper vi å skape nokre arrangement som alle kan hugse tilbake på med glede. Då treng vi at alle engasjerer seg slik at dette blir mogleg.

Du kan melde inn saker til elevrådet på e-post

Vi i elevrådet ønskjer alle eit godt skuleår!

Skuleåret 2021/2022 er det desse som sit i elevstyret:
•  Leiar - Nasreen Ali Salum, 2SRLB 
•  Mats Njaastad Mæland, 3PBC
•  Trevor Ladu Onen, 2PINA
•  Nils Fjeldstad Lino, 1IDRB
•  Fahad Al-rantisi, 2SRLA
•  Kacper Rogala, 3TANA
•  Danny Sæverud, 1BAC

Russestyret

Vi i Åsanerussen vil bidra til at alle skal ha ei minnerik russetid. Vi står alle saman om dette, derfor er engasjement viktig!

Russestyret på Åsane vgs skal sørge for aktivitetar- ikkje berre for russen, men heile skulen.

De kan holde dykk oppdaterte på Åsanerussen sin Instagram-konto, her kjem alt de treng å vite.

Vi gler oss til ei festleg russetid saman med dykk!