Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Elever i praksisrommet i helsearbeiderfaget

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er også mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Dette er utdanningsprogram for deg som likar å arbeide med menneske.
Fellesfaga er ikkje like krevjande som på studiespesialiserande, men tel like mykje. Du bør like å vere saman med andre menneske, ha evne til å samarbeide med andre og kunne setje deg inn i andre sin situasjon.

Vi tilbyr

Vg1 er felles for alle som vel Helse- og oppvekstfag. På Vg2 og Vg3 kan du hos oss velje:

  • Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Helsearbeidarfag
  • Helseservicefag
  • Apotekteknikar
  • Helsesekretær
  • Tannhelsesekretær

Følg oss på instagram

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Du vil få svar på føljande spørsmål ved å gå Vg1 helse- og oppvekstfag:

  • Korleis forholde deg til og forstå menneske med ulik bakgrunn og funksjonsevne?
  • Korleis ivareta eiga og andre si helse?
  • Få kunnskap om dei ulike yrka innanfor helse og oppvekst
Kva eigenskapar bør du ha
  • Likar å vere saman med andre menneske
  • Evne til å samarbeide med alle
  • Evne til å kunne sette seg inn i andre sin situasjon


Etter to år på skulen kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

Programfaga skal medverke til å dekke behovet for barne- og ungdomsarbeidarar som kan leggje til rette for aktivitet, glede og livsutfalding for barn og unge.

Opplæringa skal bidra til å utvikle evne og vilje til fleksibilitet og samarbeid om opplæring av opplæring, utvikling og trivsel hos barn og unge, og kunnskap om korleis barn og unge lærer.

Programfaga skal også stimulere til ein fellesskap prega av glede, leik, utforsking, læring og samhøyr.Utdanninga er praksisnær, og det skal i utdanninga leggjast til rette for varierte arbeidsoppgåver.

Sjå video om barne- og ungdomsarbeidarfaget:

Vg2 Helsearbeidarfag

Helsearbeidarfag skal medverke til å dekke behovet for kompetente helsefagarbeidarar som kan møte pasientar, brukarar og pårørande på profesjonell måte, og bidra til at behovet for helse- og omsorgstenester i samfunnet blir ivaretatt både i kommunal helse- og sosialteneste og i spesialisthelsetenesta.

Programfaga er: Helsefremjande arbeid, kommunikasjon og samhandling og yrkesutøving.

Sjå video om helsearbeidarfaget:

Vg2 Helseservicefag

Helseservicefag skal medverke til å dekke kompetansebehovet innanfor helseserviceyrka.
Generelt om studiet:
Programfaga skal gi eit felles grunnlag for helseservice-tilsette, som har ein viktig funksjon i det helsefremjande arbeidet, og som forstår kva god service, effektivitet og profesjonell kundebehandling har å seie.

Heilskapen i studiet skal gi elevane ein plattform for vidare yrkesval og leggje til rette for utvikling av fagleg forståing gjennom kunnskap, refleksjon, etisk bevisstgjering, respekt og toleranse. Opplæringa skal vere praksisnær og tverrfagleg og dessutan knyte teori og praksis saman. Etter helseservicefag kan du velje desse vg3 faga hos oss:

  • Apotekteknikar
  • Helsesekretær
  • Tannhelsesekretær

Vg3 Apotekteknikk

Utdanning til eit variert yrke med gode jobbmoglegheiter
Kvifor velje yrket?

  • Du synest det er spennande med legemiddel og helse
  • Du vil ha ein viktig jobb
  • Du vil jobbe med menneske

Utdanninga er:

  • Både praktisk og teoretisk
  • Du blir autorisert apotekteknikar


Du lærer meir om mellom anna:

  • legemiddel
  • reseptbehandling
  • legemiddelproduksjon
  • kommunikasjonsteknikkar
  • vareflyt

Sjå video om apotekteknikarlinja:

Vg3 Tannhelsesekretær

Ei utdanning til eit spennande og variert yrke med gode jobbmoglegheiter

  • Treårig utdanning utan læretid gir rett til autorisasjon


Praktisk og teoretisk undervising skal gi ferdigheiter og kunnskapar om:

  • arbeidsgangen ved tannbehandling for å kunne assistere tannlegen
  • hygienerutinar som skal hindre smitteoverføring på tannlegekontoret
  • røntgenarbeid
  • dataprogram for føring av journal, timebok og rekneskap
  • kosthald og munnhygiene for å kunne drive førebyggande tannhelsearbeid
  • kommunikasjon for å kunne opptre profesjonelt og inngi tryggleik

Sjå video om tannhelsesekretærlinja:

Vg3 Helsesekretær

Utdanning til eit variert yrke med gode jobbmoglegheiter på m.a. legekontor, sjukehus og bedriftshelseteneste.
Kvifor velje yrket?

  • Du synest det er spennande med praktisk arbeid og sjukdomslære
  • Du vil jobbe med menneske, der du viser service og omsorg
  • Du vil ha varierte arbeidsoppgåver i eit travelt miljø


Utdanninga er:

  • Både praktisk og teoretisk
  • Du blir autorisert helsesekretær

Du lærer meir om mellom anna:

  • Laboratoriearbeid, f.eks. utføre og analysere blodprøver og urinprøver
  • Skiftestuearbeid, f.eks. skifte på sår og assistere ved enkle kirurgiske inngrep
  • IKT – journalføring og dokumentasjon
  • Korleis kommunisere og gi god service til pasientar i ulike livssituasjonar som til dømes ved akutt sjukdom, i møte med barn og eldre

    Sjå video om helsesekretærlinja:

     




    Praksisrommet helsesekretær linja

    Autorisasjon

    For å kunne jobbe som helsepersonell i Noreg treng du autorisasjon eller lisens. Etter endt utdanning i desse programområda kan du søkje om dette:

    • Apotekteknikar
    • Helsesekretær
    • Tannhelsesekretær

    For deg som har tatt fagbrevet i helsearbeidarfaget kan også søkje her.

     

 

Ta kontakt

Dersom du vil vite meir om faga eller har spørsmål kan du ta kontakt med avdelingsleiar eller rådgjevar ved skulen

Linda Øye

Avdelingsleiar Helse- og oppvekstfag
Bilde av avdelingsleiar Helse- og oppvekstfag

Grethe-Karin Kvamme Nilsen

Rådgjevar Helse- og oppvekstfag
Bilde av Rådgjevar Helse- og oppvekstfag

Kari Austgulen Hestnes

Rådgjevar vaksne og lærlingar
Bilde av Rådgjevar vaksne og lærlingar
Praksisrommet helsearbeidarfaget

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift.
Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.