Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta

Hildegunn Kvåle og Marit Suzanne Daibes er helsesjukepleiarar på skulen.

Hildegunn er til stades måndag, tirsdag, onsdag, torsdag og annakvar fredag. Annakvar onsdag er ho på skulen frå klokka 12:00. Marit er til stades mandag og onsdag.

Du kan ringe og bestille tid eller berre kome innom på drop in. Elevar kan ta kontakt med helsetenesta på telefon og epost sjølv om skulen er stengt.

helsesjukepleiarar

Hildegunn Kvåle

Helsesjukepleiar
Hildegunn kvåle (2).JPG

Marit Suzanne Daibes

Helsesjukepleiar

Laila Aziza Caradoon er Psykolog på skulen. Ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen for time hos psykolog. 


Kva kan skulehelsetenesta hjelpe deg med?

Hos helsesjukepleiar kan du mellom anna snakke om tema du er oppteken av, for eksempel kropp, psykisk helse, kosthald, seksualitet, prevensjon, seksuelt overførbare sjukdommar (kan teste for klamydia/gonoré), rus, hjelp til å takle ein vanskeleg situasjon, samliv, vaksinar, fysiske plager, syn/høyrsel. Du kan også få gratis kondom hos helsesjukepleiar.

Vi har drop-in, så du kan kome på døra utan avtale. Du kan også sende ein sms dersom du ønskjer å få tilsendt timeavtale. Lærarane kan også kontakte helsesjukepleiar dersom ein elev ønskjer ein avtale.

Dersom du ønskjer anna helsefagleg hjelp eller behandling, kan helsesjukepleiar og skulelege tilvise deg til rette vedkommande.

Kontoret til helsesjukepleiar ligg i 2. etg ved ekspedisjonen.

Det finst mange nettsider som kan vere nyttige for deg som er ung og undrande. Helsesjukepleiar anbefaler:

Informasjon for unge: Ung.no
Rådet for psykisk helse
Nullmobbing