Hopp til hovedinnhold

Idrettsfag

Fotballtrening elever på idrettsfag linja

Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Kvifor idrettsfag

Elevar som går på idrettslinja, får ei variert og praktisk opplæring. Med mykje felles aktivitet og mange felles turar ligg forholda godt til rette for å skape eit godt klassemiljø.

Gjennom trening på skulen får elevane gode vilkår til å utvikle seg vidare i hovudidretten sin eller til å prøve ut og lære nye idrettar. Teorifaga gir nyttig kunnskap om korleis ein bør trene, og gir grunnlag for å utarbeide eigne planar og treningsopplegg.

Idrettsfag gir eit godt grunnlag for å praktisere som leiar og trenar i den frivillige idretten, men òg eit godt grunnlag for vidare studium innan idrett eller andre utdanningsløp kor fysisk aktivitet og helse er sentralt.

Vi tilbyr

På Åsane vgs kan du ta idrettsfag uansett kva idrett du driv med. Vi har egne grupper i fotball, handball og turn. Vi har og ei gruppe for anna individuell idrett på toppidrett. Desse har gjerne felles basistrening, men får òg bruke tid på eigentrening.

Ønskjer du ikkje å spesialisere deg i ein bestemt idrett, kan du velje breiddeidrett. Dette er eit godt tilbod til dei som ønskjer eit allsidig idrettstilbod.

Meir om idrettsfaga

Ekskursjonar

Følg oss på instagram

Sjå video om idrettsfag:

Vg1 Idrett

Det første året på idrettslinja vil du få prøve deg i ei rekke ulike idrettar, dans og basistrening. Noko meistrar du gjerne godt frå før, noko er kanskje nytt for deg. Men dette vil danne grunnlag for ei allsidig utvikling som òg vil bidra til at du kan utvikle deg i den idretten du sjølv satsar mest på.

Denne allsidigheita og variasjonen vil òg gjere deg betre i stand til å tåle den auka treningsmengda som du vil få gjennom skule og idrett.

Friluftsliv inngår òg som ein viktig del av idrettsfag dette året, og du vil få vere med på fleire turar med overnatting i telt eller under open himmel.

Det første året er 12 av timane knytt til idrettsfag. I fem av desse timane vel du mellom topp- eller breddeidrett.

Vg2 Idrett

Dette året vil du få fleire timar til idrettsfag, og du vil òg halde fram med idrettsfaga du hadde i fjor. Det er framleis mogleg å velje mellom topp- og breddeidrett, og du kan skifte frå det eine til det andre om du ønskjer det.

Dette året vil du få grundigare innføring i nokre av idrettane frå første året, og du vil få prøve deg på nokre nye idrettar. Med dei nye idrettsfaga vil 14 av timane dette året vere idrettsfag. I friluftsliv vil du få oppleve nye turar og nye utfordringar.

Vg3 Idrett

Dette året vil du få 18 timar innan idrettsfag. Du kan bruke meir av tida di til å trene eigen idrett, eller du kan bruke tid på ei anna form for eigentrening. Her vil du få god hjelp og rettleiing, slik at du kan få maksimalt utbytte av den treninga du legg ned.

Du vil òg få fleire timar i treningslære, som er eit teorifag som er viktig for å drive fornuftig og målretta trening. Å få god kunnskap om både eigen idrett og trening generelt er viktig for å kunne trene rett og for å utvikle seg så godt som mogleg.

Friluftsliv dette året består blant anna av ein padletur med kano og kajakk og ein snøholetur med to overnattingar i hole eller telt. Begge deler er både utfordrande og krevjande, men kan gi opplevingar det er verdt å ta med seg.

Elevar som ikkje har hatt framandspråk på ungdomskulen må ha 5 timar per veke med framandspråk også på vg3.