For elevar som ikkje får vurdering i faget kroppsøving, eller får karakteren 1 i kroppsøving og er elev på vg2 eller vg3:
For elevar som ikkje får vurdering i faget kroppsøving, eller får karakteren 1 i kroppsøving og er elev på vg2 eller vg3:
Det vurderast oppretting av 30 timars sommarkurs for dykk. Etter gjennomføring av kurset kan du bli kvalifisert for bestått karakter i faget (standpunktkarakter). Sommarkurset vil eventuelt bli gjennomført på Amalie Skram vgs. Korvidt kurset kjem i stand, vil avhenge av kor mange som melder interesse. Oppstart av kurset er førebels ikkje bestemt.
Du må sjølv melde ønske om sommarkurs. Dette melder du på e-post til post.aav@vlfk.no. I emnefeltet skriv du "sommarskule kroppsøving".
Følgjande informasjon må vere med i e-posten:
Ditt fulle namn (Etternamn og fornamn), kva klasse du gjekk i skoleåret 24-25
Mobiltelefonnummer
Privat e-postadresse
Ein setning der du seier "Ja, takk, eg ønskjer å delta på sommarkurs"
Frist for å melde ønske via e-post er sett til søndag 15. juni.