Er du elev ved Åsane vgs og har strøket i eitt eller fleire fag, og/eller ikkje fått vurdering i eitt eller fleire fag våren 2025?
Er du elev ved Åsane vgs og har strøket i eitt eller fleire fag, og/eller ikkje fått vurdering i eitt eller fleire fag våren 2025?
For å få bestått opplæringa må du ha fått karakteren 2, to, eller betre i alle fag som det blir gitt standpunktkarakter i. Karakterane er offentlege i VIS (Visma inschool) frå onsdag 11.06.25.
Har du ikkje bestått opplæringa, kan dette gi deg rett til meir opplæring. Alle det gjeld vil bli kontakta av skulen frå 11. juni til siste skoledag 19. juni med informasjon om rett til meir opplæring.
Retten til meir opplæring kjem fram i forskrift til opplæringslova §5-2. Du må ha vore elev i eit gitt fag pr. 1. mars. I tillegg kan du ikkje ha overskride fraværsgrensa.
Du treng ikkje vente på henvendelse frå skulen, men kan allereie no søke informasjon om dette på følgjande side: Meir opplæring i fag frå vidaregåande skule - Vestland fylkeskommune.
Ønskjer du å nytte deg av retten til meir opplæring, melder du dette via nettsida som er vist til her. Frist for å melde ønske om meir opplæring er 1. juli.