Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor Helse- og oppvekstfag
Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er også mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.
Dette er utdanningsprogram for deg som likar å arbeide med menneske. Fellesfaga er ikkje like krevjande som på studiespesialiserande, men tel like mykje. Du bør like å vere saman med andre menneske, ha evne til å samarbeide med andre og kunne setje deg inn i andre sin situasjon.
Vi tilbyr
Vg1 er felles for alle som vel Helse- og oppvekstfag. På Vg2 og Vg3 kan du hos oss velje:
Du vil få svar på føljande spørsmål ved å gå Vg1 helse- og oppvekstfag:
Korleis forholde deg til og forstå menneske med ulik bakgrunn og funksjonsevne?
Korleis ivareta eiga og andre si helse?
Få kunnskap om dei ulike yrka innanfor helse og oppvekst
Kva eigenskapar bør du ha
Likar å vere saman med andre menneske
Evne til å samarbeide med alle
Evne til å kunne sette seg inn i andre sin situasjon
Etter to år på skulen kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
Programfaga skal medverke til å dekke behovet for barne- og ungdomsarbeidarar som kan leggje til rette for aktivitet, glede og livsutfalding for barn og unge.
Opplæringa skal bidra til å utvikle evne og vilje til fleksibilitet og samarbeid om opplæring av opplæring, utvikling og trivsel hos barn og unge, og kunnskap om korleis barn og unge lærer.
Programfaga skal også stimulere til ein fellesskap prega av glede, leik, utforsking, læring og samhøyr.Utdanninga er praksisnær, og det skal i utdanninga leggjast til rette for varierte arbeidsoppgåver.
Sjå video om barne- og ungdomsarbeidarfaget:
Dette er ein YouTube-videoYouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen
Vg2 Helsearbeidarfag
Helsearbeidarfag skal medverke til å dekke behovet for kompetente helsefagarbeidarar som kan møte pasientar, brukarar og pårørande på profesjonell måte, og bidra til at behovet for helse- og omsorgstenester i samfunnet blir ivaretatt både i kommunal helse- og sosialteneste og i spesialisthelsetenesta.
Programfaga er: Helsefremjande arbeid, kommunikasjon og samhandling og yrkesutøving.
Sjå video om helsearbeidarfaget:
Dette er ein YouTube-videoYouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen
Vg2 Helseservicefag
Helseservicefag skal medverke til å dekke kompetansebehovet innanfor helseserviceyrka. Generelt om studiet: Programfaga skal gi eit felles grunnlag for helseservice-tilsette, som har ein viktig funksjon i det helsefremjande arbeidet, og som forstår kva god service, effektivitet og profesjonell kundebehandling har å seie.
Heilskapen i studiet skal gi elevane ein plattform for vidare yrkesval og leggje til rette for utvikling av fagleg forståing gjennom kunnskap, refleksjon, etisk bevisstgjering, respekt og toleranse. Opplæringa skal vere praksisnær og tverrfagleg og dessutan knyte teori og praksis saman. Etter helseservicefag kan du velje desse vg3 faga hos oss:
Apotekteknikar
Helsesekretær
Tannhelsesekretær
Vg3 Apotekteknikk
Krav som ligg til grunn for at ein skal kunne fullføre opplæringa
Ver merksam på at elevar på apotekteknikar-programmet må ha norsk pass, norsk ID-kort eller tilsvarande utanlandske ID-papir/pass som er godkjende av norske styresmakter, i tillegg til Bank-ID, for å bruke datasystema til helsetenestene i praksisutplassering innan dette programmet. Utan gyldig Bank-ID eller tilsvarande identifikasjonsløysing vil du ikkje kunne gjennomføre opplæringsprogrammet.
Utdanning til eit variert yrke med gode jobbmoglegheiter Kvifor velje yrket?
Du synest det er spennande med legemiddel og helse
Du vil ha ein viktig jobb
Du vil jobbe med menneske
Utdanninga er:
Både praktisk og teoretisk
Du blir autorisert apotekteknikar
Du lærer meir om mellom anna:
legemiddel
reseptbehandling
legemiddelproduksjon
kommunikasjonsteknikkar
vareflyt
Sjå video om apotekteknikarlinja:
Dette er ein YouTube-videoYouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen
Vg3 Tannhelsesekretær
Ei utdanning til eit spennande og variert yrke med gode jobbmoglegheiter
Treårig utdanning utan læretid gir rett til autorisasjon
Praktisk og teoretisk undervising skal gi ferdigheiter og kunnskapar om:
arbeidsgangen ved tannbehandling for å kunne assistere tannlegen
hygienerutinar som skal hindre smitteoverføring på tannlegekontoret
røntgenarbeid
dataprogram for føring av journal, timebok og rekneskap
kosthald og munnhygiene for å kunne drive førebyggande tannhelsearbeid
kommunikasjon for å kunne opptre profesjonelt og inngi tryggleik
Sjå video om tannhelsesekretærlinja:
Dette er ein YouTube-videoYouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen
Vg3 Helsesekretær
Utdanning til eit variert yrke med gode jobbmoglegheiter på m.a. legekontor, sjukehus og bedriftshelseteneste. Kvifor velje yrket?
Du synest det er spennande med praktisk arbeid og sjukdomslære
Du vil jobbe med menneske, der du viser service og omsorg
Du vil ha varierte arbeidsoppgåver i eit travelt miljø
Utdanninga er:
Både praktisk og teoretisk
Du blir autorisert helsesekretær
Du lærer meir om mellom anna:
Laboratoriearbeid, f.eks. utføre og analysere blodprøver og urinprøver
Skiftestuearbeid, f.eks. skifte på sår og assistere ved enkle kirurgiske inngrep
IKT – journalføring og dokumentasjon
Korleis kommunisere og gi god service til pasientar i ulike livssituasjonar som til dømes ved akutt sjukdom, i møte med barn og eldre
Sjå video om helsesekretærlinja:
Dette er ein YouTube-videoYouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen
Autorisasjon
For å kunne jobbe som helsepersonell i Noreg treng du autorisasjon eller lisens. Etter endt utdanning i desse programområda kan du søkje om dette:
Apotekteknikar
Helsesekretær
Tannhelsesekretær
For deg som har tatt fagbrevet i helsearbeidarfaget kan også søkje her.
Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.