Hopp til hovedinnhold

Studiesenteret

Studiesenteret er eit tilbod der elevar som ønskjer oppfølging i eit eller fleire fag.

Før du kan søke om plass, må du ha ein samtale med faglærar eller kontaktlærar. Lærar vil hjelpe deg å fylle ut ein søknad om plass på Studiesenteret.

Du får plass på Studiesenteret for ein periode på minimum åtte veker, med moglegheit for forlenging av tilbodet.

Studiesenteret finn du i andre etasje, rom 2009 v/biblioteket.

Meir om Studiesenteret
Som elev kan du arbeide her når:
• du ønskjer ekstra oppfølging i skulearbeid
• du har fått plass og signert kontrakten

På Studiesenteret får du:
• tett oppfølging
• hyppige evalueringar og tilbakemeldingar
• tilrettelagt undervisning, materiell, oppgåver og testar

Vi forventar at du:
• følgjer trivselsreglane for Studiesenteret
• viser god innsats og er motivert
• set deg mål i faget og jobbar for å oppnå dei
• møter presis til timen, og gir beskjed om du er forhindra frå å møte

studiesenteret 1.jpgblobid0.jpg