Hopp til hovedinnhold

Meir om skulemiljøet

Felles arealet på skulen

Åsane vidaregåande skule skal ha eit trygt og inkluderande skulemiljø. Skulen legg difor til rette for sosiale aktivitetar i fellesområda våre. Vi vil at skulen skal vere ein levande møteplass, både for elevar og personale. Vi lyttar til kva elevene ønskjer av tilbod, slik at skulen blir ein positiv og inkluderande stad å vere.

Skulen vår har eit ope og inkluderande fellesrom med kantine, kafé, pizzabakar, kulturhus, øvingslokale for musikk, og scener for større samlingar og arrangement. I tillegg ligg skulen rett ved Åsane idrettsarena, der ein blant anna kan spele squash, klatre og buldre.

Vi har også fleire utandørs bordtennisbord, Nintendo Switch og eit Air Shuffleboard- alt tilgjengeleg for elevane ved skulen.

Biblioteket på skulen har mange tilbod for dei leselystne, tegneserie-interesserte og for dei som likar å spele. Her kan du studere på eiga hand eller slappe av med ei god bok.

Elevane ved linja Salg, service og reiseliv driv butikken «All-in Åsane», som i tillegg til ha eit variert vareutvalg, arrangerer tilstelningar i skulen sine fellesområde og bidreg til eit levande skulemiljø.

Utekontakten samarbeider med skulen for å møte elevar gjennom aktivitetar og samtalar. Dei har blant anna arrangert speling på stor skjerm i fellesområdet i storefri og etter skuletid.

Fritidsklubben, i regi av Kulturkontoret, er aktiv på skulen sitt område etter skuletid på torsdagar- og her er det ope for ungdommar frå heile bydelen.
Åsane vidaregåande skule- ein trygg, spennande og inkluderande skule!

Ta gjerne kontakt med vår miljøarbeidar

Ali Hussein Yassir Al-Easawie

Miljøarbeidar