Hopp til hovedinnhold

Fylkesmeisterskap i Røyrleggjarfaget

Bildet er frå venstre Lucas Scmidt Berentsen, Bjørn Erik Nygård Jacobsen, Leander Jørgensen Veidung og Morten Andersen Skarvatun

Åsane vgs har halde Fylkesmeisterskap i Røyrleggjarfaget.

Fire flotte ungdommar, to frå kvar av dei to rørklassane vi har på skulen, kjempa om tittelen "Vestlandsmeister i røyrleggjarfaget". Lucas og Bjørn delte 3. plassen, Leander kom på 2. plass, og tittelen gjekk til Morten som vann med knappest mogleg margin. Morten skal dermed også representere Vestland Fylkeskommune i NM som blir ein gong etter påske. Stor kred til alle fire for godt gjennomført meisterskap! PS! Takk også til OPPRØR som stilte med dommarar! 

Vinnaren er Morten Skarvatun, frå 2RLFb, på bildet av vinnaren. Det andre bildet er frå venstre Lucas Scmidt Berentsen, Bjørn Erik Nygård Jacobsen, Morten Andersen Skarvatun og Leander Jørgensen Veidung.