Hopp til hovedinnhold

Klage på standpunkt, orden og åtferd og ikkje-skriftleg eksamen

Klagefristen er 10 dagar. Elevane har rett til å få grunngjeving frå faglærar før dei klager. Dersom eleven ber om grunngjeving, gjeld klagefristen frå tidspunktet eleven fekk grunngjeving.

Standpunktkarakterer på Åsane vgs offentliggjøres i VIS torsdag 13.06.24

Hurtigklagefrist sundag 16. juni
På same måte som tidlegare har vi ei hurtighandsaming av klager på standpunkt. Hurtigklagefristen er sundag 16. juni. Desse elevane vil få svar på klagene i veke 26. Klager som skal vere med i hurtigklagehandsaminga må vere sendt til nemndene seinast onsdag 19. juni. Resultatet frå hurtigklagebehandlinga vil vere klart innan 28. juni. 
Om det blir veldig mange klager, vil nemndene prioritere klager frå vg3-elevar.
Andre klager blir handsama i august.

Klageskjema for elevar
Klageskjema for elevar ligg her på denne sida: https://www.vestlandfylke.no/standpunkt. Skular som ønskjer å legge lenke på eiga heimeside kan bruke denne lenka:
https://tjenester.vlfk.no/opplaering/person/Klage_Skule 
Eleven må identifisere seg med Min Id og klageskjema vil komme rett til eleven si mappe i Elements.