Tysdag 3. november 2026
Invitasjon til Yrkesmessa 2026
Tysdag 3. november 2026 kl. 17.00–21.00
Åsane Kulturhus
Åsane Rotary Klubb inviterer, i samarbeid med Åsane vidaregåande skule og nettverket for ungdomsskulane i Åsane, til Yrkesmessa 2026.
Yrkesmessa er ein viktig møteplass mellom ungdom og arbeidsliv. Her får elevar og føresette høve til å bli kjende med ulike yrke, utdanningsvegar og karrieremoglegheiter. Samstundes får næringslivet, offentlege verksemder og organisasjonar høve til å presentere fagområda sine og inspirere framtidas arbeidstakarar.
Målgruppa omfattar om lag 500 avgangselevar frå ungdomsskulane og meir enn 1 000 elevar som har teke til på utdanning ved vidaregåande skule.
