Hopp til hovedinnhold

Som rektor ved skulen vil eg ønskje alle elevane velkomen til Åsane vidaregåande skule. Åsane vidaregåande skule er lokalisert i Åsane bydel.

Åsane bydel er ein del av Bergen kommune og er i sterk vekst og utvikling. Det bur ca. 40 000 innbyggjarar i nærområdet vårt. Skulen ligg fint til i sentrum av Åsane bydel.

Skulen sin visjon er: «Saman skal vi gjere kvarandre gode». I det ligg det at alle i skulesamfunnet har ansvar for kvarandre. Vi ønskjer å vere ein skule som bryr seg og som har «rom for alle og blikk for den enkelte».

Når så mange elevar frå ulike utdanningsprogram blir samla på ein skule, vil du som elev kanskje kjenne deg liten og bortgøymd i den store elevflokken. Eg håpar og trur likevel at skulen ikkje er større enn at du vil finne deg til rette her. Vi er alle innstilte på å skape ein god atmosfære og gjere vårt beste for at vi saman kan oppretthalde eit godt skulemiljø og læringsmiljø her ved skulen.

Elevmedverknad i skulesamfunnet er viktig. I forskrift til opplæringslova er det heimla at skulen skal legge til rette for at du kan delta aktivt i å planlegge, gjennomføre og vurdere læringsarbeidet. Vi håpar at du vil nytte tilbodet som du har til å delta aktivt på ulike arenaer i skulesamfunnet.

Eit godt skule- og læringsmiljø, eit godt fellesskap med gjensidig respekt for kvarandre, vil kunne stimulere til aktivitet og læring, og når miljøet er godt, vil det føre til god læring og trivsel. Slik vil vi alle kunne få eit godt og lærerikt skuleår.

Lat oss saman gjere vårt beste for at skuleåret ved Åsane vidaregåande skule blir ei lærerik og hyggeleg tid – ei tid vi vil minnast med glede!
Lukke til!