Hopp til hovedinnhold

Ekskursjoner

Hengekøye3 (2).jpg

Friluftsliv er ein viktig del av aktivitetslærefaget på Åsane vgs. I løpet av tre år vil du få kunnskap om friluftsliv i ulike miljøkategoriar både snø, vatn og barmark.

Her er ei oversikt over dei obligatoriske turane vi dreg på dei ulike åra.

På Vg1 drar vi til Kollevågen på Askøy med kystfriluftsliv og kajakk som hovudaktivitet.
Om våren tar vi ein lokal tur med overnatting på byfjella i Bergen. Normalt går turen frå Ulriken over Vidden og endar i Eidsvåg eller Åsane.

På Vg2 om hausten har vi ein fottur i fjellet med overnatting i telt eller på hytte. Vi bruker turområda i Bergsdalen, Kvamskogen eller Stølsheimen.
Om våren blir det ein fisketur i skjærgarden rundt Bergen. Her blir det fisking og tillaging av fangsten.

På Vg3 har vi ein kombinert kano- og kajakktur om hausten. Vi padlar ein rundtur på Storavatnet på Holsnøy med overnatting i telt.
Om vinteren blir det snøholetur med overnatting enten i telt eller snøhole.