Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.
Skuleåret 2026/2027 tilbyr vi desse faga på vaksenopplæringa:
Modulbasert helsefagutdanning
Omfang: 5 dagar i veka; kombinert skole og praksis eller arbeid i helseinstitusjon.
Vg1 Helse- og oppvekstfag retning barne- og ungdomsarbeidarfag og helseservicefag
Omfang: 3 dagar i uka inkludert fellesfaga matematikk, naturfag og engelsk. Det er ein fordel med relevant praksis eller arbeid i tillegg til skole. Skolen tilbyr ikkje YFF som fag.
Vg1 Bygg- og anleggsfag
Omfang: 4 dagar i uka inkludert fellesfaga matematikk, naturfag og engelsk i tillegg til YFF.
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
Omfang: tre dagar i uka inkludert fellesfaga norsk og samfunnskunnskap. Det er ein fordel med relevant praksis/arbeid i tillegg til skole.
Vg2 Helseservicefag
Omfang: tre dagar i uka inkludert fellesfaga norsk og samfunnskunnskap. Det er ein fordel med relevant praksis/arbeid i tillegg til skole.
Vg2 Tømrar
Omfang: fire dagar i uka inkludert YFF samt fellesfaga norsk og samfunnskunnskap.
Vg3 Helsesekretær
Omfang: to dagar i uka.
Vg3 Tannhelsesekretær
Omfang: to dagar i uka
Vg3 Apotekteknikar
Omfang: Digitalt og samlingsbasert. Det vert anbefalt å ha praksis/jobb i apotek i tillegg til utdanninga.
Undervisningsdagar for skoleåret 26/27 er per i dag ikkje klar.
Søknadsfrist 1.3.2026. Det er også mogleg å søke seinare, du kan då få tilbod om det er ledige plassar på programområdet.
Informasjonsdag for vaksne deltakarar skuleåret 26/27 blir måndag 17.08.26
Nye elevar/VG1 kl 09:00-10:30
MVOV- modulbasert helsefagutdanning: 10:30-12:00
VG2 og VG3 kl. 12:30-13:30
Obligatorisk frammøte, vi registrerer frammøte for registrering i InSchool og lånekassa. Det er også mogleg å avtale samtale med rådgjevar for dei som treng det.

Vaksne kan søke om vidaregåande opplæring og realkompetansevurdering. Meir om søknad og fristar her.

Ønskjer du nokon å snakke med om jobb eller utdanning? Karriere Vestland tilbyr gratis karriererettleiing til alle vaksne over 19 år.
Viss du har spørsmål om vidaregåande opplæring for vaksne, eller treng hjelp til å søkje, kan du bestille tid til ein av våre rådgjevarar i rettleiingstenesta:
Bur du i Bergen nord eller Bergen Sør? Bestill tid for rettleiing her.
Bergen nord: Alver kommune, Arna bydel, Austrheim kommune, Fedje kommune, Gulen kommune, Kvam kommune, Masfjorden kommune, Modalen kommune, Osterøy kommune, Samnanger kommune og Åsane bydel.
Bergen sør: Fana, Ytrebygda, Bjørnefjorden kommune og Austevoll kommune.
Bur du i Bergen sentrum eller Bergen vest? Bestill tid for rettleiing her.
Bergen sentrum, Laksevåg, Fyllingsdalen, Olsvikåsen, Sotra, Askøy.






